
Målariutstilling i Flatdal
Kvåle – Din Gard arrangerar måleriutstillingar der elever frå Erlend Grøstad sin målarskule på Nutheim stiller ut. Gjennom 44 år har Erlend hatt meir enn 4000 elevar, og gjennom desse kursa og eigenutvikling har mange etablert seg som habile kunstnarar med forskjellige teknikkar. Kven som vert utstillar i 2007 får du vite i april/mars 2007.
Gjennom 44 år har Erlend hatt meir enn 4000 elevar, og gjennom desse kursa og eigenutvikling har mange etablert seg som habile kunstnarar med forskjellige teknikkar.
Me inviterar difor også målarklubbar og andre interesserte til Kvåle for utfolding av eigen aktivitet og for å få inspirasjon gjennom utstillinga. På garden finn de mange motiv for lerretet, og i nærområdet ligg både Flatdalsbyen, Skorve og andre utsøkte motiv.
Kvåle – Din Gard er både ein husdyrgard i full drift og ein gjestegard. Det er det overnatting for inntil 35 personar i hus og hytter, og me har restaurant og utstillingslokale i gjestelåven.
Tre ulike tilbod har me:
· Dagsbesøk med guide på utstillinga, orientering om gardens historie og dagens drift, fri tilgang til alle tilgjengeleg område på garden og lunsj. Kr. 350 pr. person.
· Helgebesøk med guide på utstillinga, orientering om gardens historie og dagens drift, fri tilgang til alle tilgjengeleg område på garden, 2 overnattingar, 2 frukost, 2 lunsj og ein festmiddag. Kr. 1250 pr. person.
· Med besøk over 2 dagar er prisen kr. 675 pr. døgn inkl. full pensjon.
Eit alternativ til eigen kunstnerisk aktivitet er ei rundreise i Vest-Telemark til alle kunstutstillingane i området. Anne Grimdalens Museum på Skafså , Vinje Biletgalleri med kunst av Henrik Sørensen og Harald Kihle i Smørklepp i Vinje, Dyre Vaa samlingane på Rauland og Utsund utstillinga på Kviteseid Museum ligg alle innafor 1,5 timers biltur frå Kvåle. Utstillinga til Seljord kunstforening, Seljord Målarklubb eller eit besøk i Aud Øygardens galleri eller på Nutheim er sjølvsagt også strålande alternativ!
Ørnulf Meidell og norsk bygdekunst
Galleriet på Kvåle – Din Gard har ei fast eige utstilling om vinteren som syner lokal og nasjonal kunst og kunsthandverk. Tematisk er utstillinga delt i 3:
Knut Mevastaul
Treskjærarkunst i Norges bygder
Ørnulf Meidell
Knut Mevastaul var rosemålaren frå Seljordshei som ga rokokkostilen ein heilnorsk variant. Han rosemåla tak, vegger, dører og kister i stasromma på mange gardar i Seljord, Kviteseid og Bø.
Norsk treskjæring er og kunst, og treskjæringa representerer noko sernorsk. Utstillinga på Kvåle syner ulike illustrasjoner av denne nasjonale kunsten heilt frå det 11. århundre, og ein finn lokale og nasjonale eksempel på kva dette betydde for folk den gong då utskjæringane var ei naturleg del av kvardagslivet i form av senger, stoler osb. Ein nydeleg karveskurstol vil gje dei fleste som vitjar utstillinga ei oppleving av praktfullt arbeid.
Kunstmålaren Ørnulf Meidell budde i Seljord, og i hans måleri kan ein sjå inspirasjon frå treskjæring og rosemåling i Telemark; både i motiva og i utforminga av bileta.
Tanken bak utstillinga er å syne kva ein gard i Vest-Telemark kan ha av kunst og kunsthandverk i eigne hus. Alt som vart synt fram var gamle ting frå Kvåle, eller som er kjøpt inn i seinare tid.
Me inviterar difor målarklubbar og andre interesserte til Kvåle for utfolding av eigen aktivitet og for å få inspirasjon gjennom utstillinga. På garden finn de mange motiv for lerretet, og i nærområdet ligg både Flatdalsbyen, Skorve og andre utsøkte motiv. Kvåle – Din Gard er både ein husdyrgard i full drift og ein gjestegard. Det er det overnatting for inntil 35 personar i hus og hytter, og me har restaurant og utstillingslokale i gjestelåven. Tre ulike tilbod har me: · Dagsbesøk med guide på utstillinga, orientering om gardens historie og dagens drift, fri tilgang til alle tilgjengeleg område på garden og lunsj. Kr. 350 pr. person. · Helgebesøk med guide på utstillinga, orientering om gardens historie og dagens drift, fri tilgang til alle tilgjengeleg område på garden, 2 overnattingar, 2 frukost, 2 lunsj og ein festmiddag. Kr. 1250 pr. person. · Med besøk over 2 dagar er prisen kr. 675 pr. døgn inkl. full pensjon. 2 helger er det dans for vaksne kunstinteresserte på laurdagskvelden: 1.-3. juli 29.-30. juli Eit alternativ til eigen kunstnerisk aktivitet er ei rundreise i Vest-Telemark til alle kunstutstillingane i området eller eit arrangement i Sogelandet, sjå www.sogelandet.no. Anne Grimdalens Museum på Skafså , Vinje Biletgalleri med kunst av Henrik Sørensen og Harald Kihle i Smørklepp i Vinje, Dyre Vaa samlingane på Rauland og Utsund utstillinga på Kviteseid Museum ligg alle innafor 1,5 timers biltur frå Kvåle. Utstillinga til Seljord kunstforening, Seljord Målarklubb eller eit besøk i Aud Øygardens galleri eller på Nutheim er sjølvsagt også eit strålande alternativ!