Framsida
Gjestebok


Din Låve

Gamlelåven har fått eit nytt liv, kanskje til glede for deg? Gjeng du inn i gjødselkjellaren frå 1907 møter du Lita i baren. 100 år gamle granittveggar pregar rommet.  Kjellaren heiter Eivind, etter onkel Eivind som var var glad i nytenking. Ei tese var: "Kvar generasjon har plikt til å endre så mykje på bygningane at Riksantikvaren ikkje tek dei. Men sjela må sitje att i veggane." Og her har du eit av dikta hans:

Sløkk aller elden på di åre
Men kveik deg støtt ei lengtings båre
Som strekkjer seg i sterkje drag

Gjeng du ei trapp opp ligg låveromma framfor deg. Først kjem du inn i ein festsal, som kan nyttast til konferanser/møter,  store middagar og som galleri.

Til høgre på bildet er fjoset, akkurat i samme stand som då Besta og Eivind bygde det i 1954. Fjoset har fått namnet Barbro. Ho var tenestegjente på garden i mest 60 år, og sto med eit bein i mellomalderen og eit i vår tid. I Barbro er det 30 til 35 sitteplasser med småbord. langbord. I midten er forbrettet der kyrne tidlegare åt fortsatt på plass, akkurat slik det vart bygd. Nå kan du med dine nyte eit måltid her, medan stearinljosa brenn i krybba.

Til venstre, i gamlelåven frå 1853 er det to rom, Johanne og Anne, som kan vere ei anna god ramme for ditt selskap. 3 store langbord kan kombinerast som tre I`ar, H eller L slik at det er god og romsam sitteplass for 40-45 personar. Høgrygga skinnstolar, spesielle møblar og ei flott krystallkrone i taket gjev ei god ramme for festen. 150 år gamle tømmervegger gjev deg varme!

Slik ser låven ut utvendig:

Magnus Brostrup Landstad skriv i Seljordsoga om Ståle Åsheim , seljordingen som på byrgjinga av 1600-tallet drap bror sin med kniv avdi ølet hans ikkje var bra. Før dette hende var Ståle ein gong på Kvåle. Her budde då Jørund Kvåle, som også gjekk under namnet Vonde-Jørund. På Kvåle fekk Ståle bank, og då han kom ut att til Seljord kvad han:

Hesten min heiter Rauden
Og sjav so heiter eg Ståle
Betre det var med Dauden
Hell slåst med Jørund Kvåle

Resten av den uhyggjelege historia om Ståle Åsheim kan du få høyre når du kjem!
I dag vil vi heller bruke husa på Kvåle, og områda rundt garden, til fredelegare syslar. Om det du ser og føler av bileta ovafor er positivt, inviterar vi deg til å prøve Kvåle - Din Gard med Din Låve, Ditt fjos, Dine Sauer og Dine kyr.Velkomen til gards!!


Kvåle - Din Gard, 3841 Flatdal. Telefon: 350-52325, 906 17925 E-post: dingard@kvaale.net