|
|||||
|
Spesielle aktiviteter på garden: Me har laga ein fin tursti i beiteområdene ovafor tunet på Kvåle. Her kan du gå ein rundttur i eit ope kulturlandskap medan dyra våre beiter i området heilt inntil gjerdet. Langs turstien er det informasjon om økologi, planter og dyr. Det er fleire raste- og bålplasser underveis, og kulturminner som kolmile, hustufter og steingjerder fortel om garden sin historie. Ved til eit bål kan du kaupe på garden. I gjestelåven syner vi arbeider og illustrasjoner av rosemålaren Knut Mevastaul, måleri av Ørnulf Meidell og illustrasjonar og eksempel på norsk treskjærertradisjon. På stadion i Flatdal er tennisbane og badeanlegg i tillegg til grasbane og grusbane for fotball.l ![]() Turmål og opplevingar: Ellers byr Telemark og Seljord på mykje spanande. Telemark er kulturfylke nr. 1 i Norge, og Vest-Telemark har ein vakker og variert natur. Av ca. 350 hus frå mellomalderen i Norge, ligg ca. 250 i Vest-Telemark. Her finst våningshus frå 1100-tallet som fortsatt tjener som bustadhus, og vakre stavkyrkjer som syner deg det beste av ein unik norsk byggeskikk.
Dyrsku`n den andre helga i september,countryfestivalen og countryfestivalen den siste helga i juli, er store høgdepunkt for mange tilreisande. Flatdal ligg midt i Telemark, og er eit veldig godt utgangspunkt for å besøke Telemarkskanalen, Dalen Hotell, Tuddal Høgfjellshotell, Gaustatoppen, Industriarbeidermuseet på Rjukan og f.eks. Telemark Sommarland. Høsten 2000 åpnet også Hardangervidda Nasjonalparksenter, som er eit informasjonssenter om Hardangervidda. Senteret ligg ved Skinnarbu i utløpet av Møsvatn.
Til Seljord kan du komme med ekspressbuss fra Oslo Galleri som ligg vegg i vegg med Oslo Sentralbanestasjon eller med Telemarksekspressen frå Tønsberg/Sandefjord/Porsgrunn/Skien. Du kan ta toget til Bø stasjon, og Haukelidekspressen eller Telemarksekspressen til Seljord. Fiske- og sopptur med junior eller barnebarna i haust? Kvåle – Din Gard tilbyr flotte kortferier i velutstyrte hus med fangstgaranti. Dere kan fiske frå robåt i Flatsjø eller ved flotte fiskeplassar i Flatdøla. Auren er ikke av dei største, men nokre stader bit han villig. Velkomen til gards! Helsing Lita og Olav |
||||
|
Kvåle - Din Gard, 3841 Flatdal. Telefon: 350-52325, 906 17925 E-post: dingard@kvaale.net |
|||||