|
|||||
|
Skarsvegen og Hjalarhornet På haustjamdøgn, når dagen og natta er like lang over heile verda, er det tur langs Skarsvegen og samling til skumringstime med dikt, prosa, song og god mat på Kvåle – Din Gard i Flatdal. Seljord Sogelag og Kvåle - Din Gard samarbeider om å få lys på gamal og eldre historie i bygda.
Oppmøte på Kvåle kl. 1000, buss til Fossheim. Gå Skarsvegen, ut Sartdal, over Vadder, ned Aasebrekkene, gjennom landsbyen og fram til Kvåle. Kåre Haugen er turleiar, og det vert matservering under vegs. På Kvåle ventar vedfyrt badstoge og badestamp for dei som ynskjer. Mange gjester på Kvåle har gått denne turen i sumar, og gjesteboka er full av godord om turen. Og etterpå i gjestelåven får du eit møte med Hjalarhornet, lagsavisa til Flatdal ungdomslag, er det både syn og segn som fortener meir enn ein skumringstime. Olav Sem og Høye Rue set rette stemninga, og rundar av Sogelandet 2009.
Kveldsprogrammet frå kl. 1800: Voksne/barn 250/150 inkl. fårikål og dessert. |
||||
|
Kvåle - Din Gard, 3841 Flatdal. Telefon: 350-52325, 906 17925 E-post: dingard@kvaale.net |
|||||