Framsida
Gjestebok


31/12-2010
Øko-tur til Flatdal
ØKO-TUR TIL TELEMARK

Overrask kjæresten eller kona! Gå på biblioteket og lån Isslottet og Fuglane av Tarjei Vesaas. Ta Timeekspressen Rute 1 til Notodden, bytt buss til Seljord. Gå av i Flatdal, og spaser 700 meter gjennom Landsbyen og fram til Kvåle – Din Gard.

Her innlosjerar me dykk i Isslottet eller i ein av bonde-svittene.

Etter middag i gjestelåven, sjå www.kvaale.net, kan de helse på dyra, og nyte livet på terrassen eller rundt ute-omnen. Om morgonen neste dag, kjøyrer med dykk til Fossheim i Åmotsdal. Derfra gjeng de langs Skarsvegen, ut Svartdal, over Vadder, ned Aasebrekkene, gjennom Landsbyen og fram til Kvåle. De finn lett fram, og på turen - som tar 4-5 timer - kan de fiske, plukke bær og sopp. Skarsvegen er ein av dei historiske vegane i Noreg som vegvesenet har verna, sjå www.vernaveger.no.

På tunet på Kvåle ventar varm vedfyrt badstu og solvarma badestamp og ei kuldegrop fylt med fjellvatn frå Skorve. Deretter får de ein økologisk og kulinarisk middagsoppleving.

Neste dag kan de safte og sylte eigne bær på utekjøkenet, og rense og forvelle soppen.

Om kvelden får de skyss til Seljord, og tek Haukeliekspressen heim att.

Når de stig av på bussterminalen i Oslo, er de kanskje ferdige med bøkene, og har hatt ein nydeleg tur med eit strålande CO2-budsjett.


VIL DU GJERNE VITE MER, KONTAKT:

Lita på Kvåle – Din Gard på telefon 906 17 925
Olav på Kvåle – Din Gard på telefon 911 52 455





Kvåle - Din Gard, 3841 Flatdal. Telefon: 350-52325, 906 17925 E-post: dingard@kvaale.net